Norsk bibliotekforening har nominert Realfagsbiblioteket ved Universitetet i Oslo til årets bibliotek. I begrunnelsen heter det.
"Dei er innovative og testar nye metodar for å gje studentane det beste biblioteket, og let seg ikkje avgrense av dei fysiske veggane sine. Samarbeid med blant anna NRK Ekko om Abels tårn og forskarar utvidar biblioteket. Dei er synlege og viser fram det dei gjer, både på universitetet og til omgjevingane.
Med eit særskilt blikk for studentane nyttar dei arealet sitt på ein måte som gjer mange leseplassar i forskjellige miljø, samtidig som det er knytt saman til eit heilskapleg bibliotek. Ved å blande vaflar, science fiction, teikneseriar og lolcats med det reint faglege stoffet, gjev dei brukarane sine meir enn det dei spør etter.
Dei drivast ikkje berre av å gje kunnskap om akkurat dei emna som går dette semesteret, men utdannar menneske til eit heilt liv. Dette biblioteket tek læringssenterideen til eit heilt nytt nivå.
Sjølv om ikkje alle bibliotek i Noreg skal vere spydspissar i realfagsformidling bør alle bibliotek i Noreg følgje Realfagsbibliotekets eksempel med å setje brukarane i sentrum og gjere dei til aktive samfunnsdeltakarar.