Mikroskopbilete av nanopartiklar

Nanopartiklane er laga av silisium. Foto: Hennie Marie Johnsen

Desse nanopartiklane let kroppen ta opp hydrogengass

Hydrogengass er ein antioksidant som kan ha gunstig verknad på fleire alvorlege sjukdommar, om vi kan få gassen inn i kroppen trygt og effektivt.

Av Torstein Helleve
Publisert 25. jan. 2023

Dei siste femten åra har hydrogengass, H2, fått stadig meir merksemd for det medisinske potensialet sitt. Hydrogengass er ein antioksidant, og kan ha gunstig effekt på kreft, hjarte-/karsjukdommar, inflammatoriske tilstandar og andre utbreidde og alvorlege sjukdommar.

Problemet er å få administrert gassen som legemiddel, altså korleis ein skal få tilført han til kroppen. Han kan pustast inn, men det er tungvint, sidan gassen er eksplosiv og dermed berre kan gjevast under trygge forhold. Gassen let seg løysa opp i vatn, men berre vanskeleg, så det er heller ikkje noko praktisk løysing.

Litt høgare pH enn vatn

Hennie Marie Johnsen er tilsett hjå Nacamed, eit selskap som produserer silisiumpartiklar for farmasøytisk bruk, og tek doktorgraden sin ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo. Ho har undersøkt ein ny metode for å administrera H2 saman med rettleiarane Marianne Hiorth, Werner Filtvedt og Jo Klaveness.

– I ein reaktor har vi framstilt nanopartiklar av silisium. Dette er ein ny type partiklar som ikkje har blitt laga før, fortel ho.

Hennie Marie Johnsen
– Vi har framstilt nanopartiklar av ein type som ikkje har blitt laga før, seier Hennie Marie Johnsen. Foto: Michael Sailor

– Vi har vist i laboratoriet at desse partiklane frigjev hydrogengass når pH er 7,4. 7,4 er det vi kallar fysiologisk pH. Det er litt høgare enn i vatn og er den pH-verdien menneskekroppen normalt har.

– Frå 50 mg silisium fekk vi 65 ml hydrogengass. Tilsvarande mengde hydrogengass løyst opp i vatn ville krevja tre og ein halv liter vatn.

Farbar rute for nanopartiklane

Men som vi alle har erfart inneheld magesekken magesaft som er betydeleg surare. PH-verdien av magesafta kan vera så låg som 2. Skal nanopartiklane administrerast oralt, må partiklane ikkje bli påverka av dette sure miljøet.

– Vi testa prebehandling med kunstig magesaft, og det påverka ikkje kor mykje hydrogengass som vart frigjort ved fysiologisk pH, seier Johnsen.

Oral administrasjon ser dermed ut til å vera ei farbar rute for nanopartiklane. Like godt gjekk det ikkje då dei testa moglegheita for intravenøs administrasjon.

Ikkje godkjend for medisinsk bruk

– Vi testa partiklane saman med albumin, eit protein som finst i blod. Dette proteinet hemma frigjeringa av hydrogengass. Det verka som proteinet la ei beskyttande kappe rundt partiklane. Så denne administrasjonsforma ser lite lovande ut.

Men sjølv om altså oral administrasjon av nanopartiklane ser lovande ut, er det enno lang veg fram til apoteket for legemiddel med hydrogengass. Det kan ha å gjera med at forskingsfeltet er såpass ungt.

– Sjølv om det er gjort ein del kliniske studiar, er ikkje H2 godkjend for medisinsk bruk enno. Og det vil vera ein prosess som tek tid, seier Johnsen.

Den vitskaplege artikkelen

Johnsen m.fl.: Silicon nanoparticles for oral administration of molecular hydrogen. International Journal of Pharmaceutics, Dec 2022

Emneord: Farmasi