Sumobrytar

Sumobrytarar deler namn med ei enzymgruppe som spelar ei rolle i forbrenninga av overflødig feitt. Ill.: Pixabay

Enzym påverkar feittsyreforbrenninga i cellene

For fyrste gong har forskarar undersøkt effekten av enzymet SENP2 i humane celler. Kunnskapen kan få betydning i kampen mot fedme og diabetes.

Av Torstein Helleve
Publisert 18. jan. 2023

Forbrenning av energi i cellene i kroppen har mykje å seia for helsa vår, men framleis er det ein god del forskarane ikkje veit om regulering av desse prosessane. I doktorgraden sin har Solveig Krapf, som disputerte for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo i november, sett nærare på energiomsetjinga som skjer i cellene.

– Vi har undersøkt effekten av eit enzym som tidlegare forsøk har vist aukar forbrenninga av feittsyrer i muskelceller hjå mus, seier ho.

Enzymet heiter sentrin-spesifikk protease 2, eller SENP2.

– Vi har kome eit skritt lenger, ved å studera effekten i humane muskel- og feittceller.

Mindre feitt vert lagra i kroppen

Feitt og glukose er brennstoffa som cellene brukar. Energi som ikkje vert brukt med ein gong, vert omdanna til feitt og lagra i cellene til ein annan gong. Dersom vi lagrar meir feitt enn vi klarar på bruka, vert vi overvektige. Det fører med seg auka risiko for ei rekkje sjukdommar.

Solveig Astrid Krapf
– SENP2 auka forbrenninga av feittsyrer i både feittceller og muskelceller, seier Solveig Astrid Krapf. Foto: UiO

– Vi fann at SENP2 auka forbrenninga av feittsyrer i både feittcellene og muskelcellene i kroppen, og dermed vert mindre feitt lagra i kroppen, seier Krapf.

Ho forklarar at SENP2 verkar på ein kjernereseptor som er viktig for forbrenninga. Denne reseptoren heiter PPAR (peroksisom-proliferator-aktivert reseptor), og finst i ulike variantar i feitt- og muskelvev. PPAR vert blant anna regulert av enzym frå ei gruppe ved namn SUMO. Denne gruppa igjen vert regulert av SENP2 .

– Det SENP2 gjer, er å frigjera PPAR frå SUMO sitt brytegrep, for å seia det slik. Då kan PPAR jobba meir, og energiomsetjinga aukar.

Kan bidra til svekka musklar

SENP2 ser altså ut til å kunna ha ein gunstig effekt på overvekt. Men Krapf understrekar at eit legemiddel mot overvekt ikkje er rett rundt hjørna.

– Det er veldig langt fram dit. Vi kan ikkje trekkja konklusjonar ut frå dette arbeidet, men ein gong i framtida kan det tenkjast at SENP2 bli eit såkalla legemiddeltarget, kanskje spesifikt i muskel- eller feittceller.

Titan har tidlegare skrive om Krapf si forsking på korleis kreftceller frå bukspyttkjertelen endra stoffskiftet i muskelceller. Kort fortalt handlar det om at kreftcellene sitt sekretom, det settet av protein som cellene skil ut, reduserer forbrenninga av feitt i muskelceller og kanskje kan bidra til svekkinga av musklane som ofte skjer ved bukspyttkjertelkreft.

Bukspyttkjertelkreft kan utløysa diabetes 2

Ho forklarar at kreft i bukspyttkjertelen er ei spesielt skummel kreftform. Andre kreftformer vert gjerne oppdaga ved smerter som oppstår eller svulstar som vert oppdaga, vert bukspyttkjertelkreft ofte ikkje oppdaga før den er komen så langt at berre kirurgi hjelper. Berre 5 % av pasientane lever så lenge som 5 år etter diagnosen.

– Vi veit at diabetes type 2 aukar risikoen for kreft. Det spesielle med bukspyttkjertelkreft er at det ser ut til på gå andre vegen: kreften kan utløysa diabetesen. Mange får diabetes type 2-diagnose kort tid før kreftdiagnosen, fortel Krapf.

– Dette er ofte «utypiske» diabetes 2-pasientar, ved at dei ikkje er spesielt overvektige. Så når denne gruppa får ein diabetesdiagnose, burde ein kanskje undersøkje dei for bukspyttkjertelkreft for sikkerheits skuld.

Emneord: Farmasi