Hendene til eldre person som held ei handfull fargerike tablettar

Eldre er utsette for hoftebrot, og mange av dei brukar ei rekkje medisinar. Foto: Colourbox

Haltande rutinar rundt legemidla til pasientar med hoftebrot

Legemiddellister blir ikkje fylgt opp på ein god nok måte. Nesten ingen innlagde pasientar fekk ein ordentleg legemiddelgjennomgang.

Av Torstein Helleve
Publisert 2. feb. 2023

Som Titan har skrive om tidlegare, er hofteskadde ekstra utsette for feil legemiddelbruk: dei er eldre, dei har ofte fleire ulike sjukdommar som dei tek medisinar for. Hofteskaden fører gjerne til innleggingar og gjeninnleggingar, kanskje i ulike institusjonar.

Ben Tore Henriksen har kartlagt rutinane rundt legemiddellistene til hoftepasientar gjennom eit spørjeskjema som har blitt sendt til alle legar og sjukepleiarar i Vestfold som har med denne pasientgruppa å gjera, inkludert fastlegar.

Han er tilsett som stipendiat ved Sykehusapotekene HF, og tek doktorgraden sin ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Funn som ikkje har vore dokumentert tidlegare

Henriksen har gått gjennom journalane til femti pasientar som har vore innlagde med hofteskade på Sykehuset i Vestfold. Prosjektet er gjort i samarbeid med sjukehuset.

– I hovudtrekk kan vi vel seia at funna ikkje var så langt frå det vi har sett i tidlegare studiar, seier Henriksen.

– Vi må ta nokre atterhald om at svarprosenten var ulik i ulike grupper. Den var lågast for primærhelsetenesta: 24 prosent, medan på sjukehuset var den på 54 prosent. Vi veit dermed ikkje sikkert kor representativt utvalet vårt er, men i sum meiner vi at vi har funn som ikkje har vore dokumentert tidlegare.

Berre brukt ei kjelde

Ben Tore Henriksen
– Det ville hjelpa situasjonen dersom ein hadde tilsett nokon med legemiddellister som hovudansvar, seier Ben Tore Henriksen. Foto: Charlotte Lie Johansen/ Sykehusapoteket Tønsberg

Han fortel at studien viser at det vert gjort ein del riktig, men ofte ufullstendig og ikkje i tråd med gjeldande retningslinjer.

– Ved innlegging i sjukehus skal det gjerast ei legemiddelsamstemming, altså ei fullstendig oversikt over legemiddelbruken til pasienten. I spørjeskjemaet vart det rapportert at dette vart gjort i rundt 80 prosent av innleggingane. Dette talet samsvara med det vi fann i journalane, seier Henriksen.

– Men i halvparten av desse legemiddelsamstemmingane var det berre brukt ei kjelde, som reseptlista frå legen eller opplysningar frå pasienten sjølv.

Henriksen forklarar at retningslinjene tilseier bruk av minst to kjelder. Det er òg tilrådinga frå Verdas helseorganisasjon (WHO).

Ein bør luka ut legemiddel som kan føra til fall

– Det er ei kjend sak at pasienten ikkje alltid tek medisinane slik legen har tenkt – og trur.

Det er òg ynskjeleg med ein legemiddelgjennomgang for desse pasientane, seier Henriksen. Ein legemiddelgjennomgang er ein strukturert og kritisk gjennomgang av legemiddellista, og kan vera spesielt viktig for denne gruppa.

– Nokre legemiddel har biverknadar som kan føra til fall. For dei kan det vera lurt at helsepersonell vurderer klinisk relevans og eventuelt lukar desse ut for å minska risikoen for nye fall, seier Henriksen.

Men sjølv om fleirtalet av legane svarte at dei gjorde slike gjennomgangar, var dette berre dokumentert i to av dei 50 journalane som vart studert.

Eit mindretal av listene i tråd med retningslinjene

– No var det ikkje slik at journalane vi gjekk gjennom berre var skrivne av dei som svarte i spørjeundersøkinga, men vi trur ikkje det er det som er forklaringa på den store forskjellen, seier Henriksen.

– Vi mistenkjer snarare at legane kan ha ein annan definisjon av «legemiddelgjennomgang» enn  farmasøytar, og at dei gjennomgangane som har vore gjort, ikkje er nok dokumentert.

Etter eit sjukehusopphald med hoftebrot vil det ofte vera behov for endringar i medisineringa, og det er derfor viktig at medisinlista som fylgjer pasienten ut av sjukehus er riktig. Legane rapporterte sjølve at dei gjorde dette grundig. Likevel var mindretalet av medisinlister ved utskriving i tråd med retningslinjene.

Er du interessert i forskningsnyheter om realfag og teknologi: Følg Titan.uio.no på Facebook eller abonner på nyhetsbrevet vårt

Nokon bør ha legemiddellister som hovudansvar

– Ei forklaring på det kan vera at det tek meir tid å gjera det i samsvar med retningslinja, seier Henriksen.

Han er likevel nøye på å understreka at svakheitene ligg i systemet og ikkje hos enkeltpersonar.

– Legane og sjukepleiarane står i ein travel kvardag, og må prioritera arbeidsoppgåver. Som regel har dei rett og slett ikkje tid til å fylgja alt av retningslinjer, seier han.

– Frå min ståstad er det lett å peika på at det ville hjelpa situasjonen dersom ein hadde tilsett nokon med legemiddellister som hovudansvar.

Den vitskaplege artikkelen

Henriksen m.fl.: Medication management for patients with hip fracture at a regional hospital and associated primary care units in Norway: a descriptive study based on a survey of clinicians’ experience and a review of patient records. BMJ Open, Nov 2022

Emneord: Farmasi