Magen til gravid kvinne som held seg til ryggen

Bruk av paracetamol under svangerskapet ser ut til å vera trygt, så lenge det skjer i kortare periodar. Foto: Colourbox

– Viktig å forska på langtidseffektar på barnet av medisinbruk under svangerskapet

Vi veit meir om korleis mors medisinbruk kan påverka barnet som nyfødd enn når det veks til. Forskar har sett på langtidseffekt av smertestillande.

Av Torstein Helleve
Publisert 4. aug. 2022

Nokre legemiddel som er trygge å bruka til vanleg, kan skada fosteret dersom mor brukar dei medan ho er gravid. Men akkurat kva legemiddel dette gjeld, kva skader dei kan gje og kor stor risikoen er, er ikkje det enklaste å finna ut av.

– Vi kan ikkje testa legemiddel på gravide, for tenk om det skulle visa seg at barnet faktisk vart skada, seier Johanne Naper Trønnes, som før sommaren disputerte for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Men i Noreg er vi så heldige at vi har den store MoBa-undersøkinga, i tillegg til gode helseregister. Det gjev oss ikkje svar på alt vi lurer på, men ein del kan vi finna ut av, ikkje minst langsiktige effektar.

Konsentrerte seg om legale opioid

Det er nemleg forska mest på effektar som kan observerast alt ved fødselen. Har barnet misdanningar? Er det fødd for tidleg? Har det for låg fødselsvekt? Slike og liknande ting er relativt enkelt å observera.

– Men vi har òg etter kvart noko forsking som har sett på faren for åtferdsforstyrringar, ADHD, autisme osv., effektar som fyrst viser seg når barnet vert eldre, seier Trønnes.

Sjølv har ho sett på langtidseffekten av smertestillande, både reseptfrie som paracetamol og sterke smertestillande av typen opioid. Denne gruppa stoff omfattar til dømes morfin, kodein og heroin. Det siste er sjølvsagt ulovleg, men Trønnes har konsentrert seg om legale opioid. Det mest kjende opioid-legemidlet er Paralgin forte.

Undersøkte språk, åtferd og temperament

Jphanne Naper Trønnes ved statue av ufødd barn i Frogenrparken
– Fleire studiar har funne ein samanheng mellom langvarig bruk av paracetamol og ADHD eller andre åtferdsforstyrringar når barnet veks til, fortel Johanne Naper Trønnes. Foto: Privat

Som Titan har skrive om tidlegare, har Trønnes kome fram til at gravide bør vera varsame med langvarig bruk av opioid. Men det er paracetamol som er fyrstevalet som smertestillande. Lang erfaring med bruk og ein god del forsking har gjort at ein har rekna legemidlet som trygt å bruka.

– Men fleire studiar i den seinare tid har funne ein samanheng mellom langvarig bruk av paracetamol og ADHD eller andre åtferdsforstyrringar når barnet veks til. Men ein veit ikkje om det kjem av paracetamolbruken eller andre, bakanforliggjande årsaker, seier Trønnes.

Trønnes har sett på om varigheita av bruken under svangerskapet kan ha langsiktige verknadar som har vore uoppdaga tidlegare. Ho og kollegane undersøkte korleis språk, åtferd og temperament hadde utvikla seg hjå barn av mødrer som hadde rapportert bruk av paracetamol i svangerskapet.

– Vi fann ingen utslag ved korttidsbruk av paracetamol. Det tyder på at gravide kan halda fram med å bruka paracetamol, så lenge det er i kortare periodar, seier ho.

Legemiddelbruk i svangerskapet i samråd med lege

Ho har òg undersøkt noko som ikkje mange andre har sett på: mors legemiddelbruk under svangerskapet, i dette tilfellet bruk av opioidar, og skuleprestasjonane til barnet.

– Vi tok utgangspunkt i nasjonale prøvar i femte klasse, då barna er ti–elleve år gamle. Vi fann ingen forskjell mellom barn av mødrer som oppgav korttidsbruk av opioidar i svangerskapet og barn av mødrer som ikkje hadde brukt opioidar, så det ser ikkje ut til å vera nokon grunn til uro her heller.

Trønnes understrekar at all legemiddelbruk under svangerskapet skal vurderast i samråd med lege.

– Mora har jo bruk for legemidlet fordi ho har ein tilstand som treng behandling. Eventuell risiko knytt til bruk av eit legemiddel må derfor vurderast opp mot ulempe og risiko ved å la tilstanden vera ubehandla.

Dei vitskaplege artiklane

Trønnes m.fl.: Analysis of Prenatal Exposure to Opioid Analgesics and Scholastic Skills in Children in Fifth Grade in Norway. JAMA Network Open, Jul 2022

Trønnes m.fl.: Association of Timing and Duration of Prenatal Analgesic Opioid Exposure with Attention-Deficit/Hyperactivity Disorder in Children. JAMA Network Open, Sep 2021

Trønnes m.fl.: Prenatal paracetamol exposure and neurodevelopmental outcomes in preschool-aged children. Paediatric and Perinatal Epidemiology, Aug 2019 Trønnes m.fl.. Safety profile of medication used during pregnancy: results of a multinational European study. Pharmacoepidemiology and Drug Safety, Jul 2017

Emneord: Farmasi