Hender til gammal mann som legg eit puslespel forma som silhuetten av eit hovud

Alzheimers er ein snikande og øydeleggjande sjukdom. Foto: Colourbox

Auka bruk av psykofarmaka i åra før demensdiagnose

I åra som leiar opp til diagnosen Alzheimer, har pasientane høgare forbruk av antidepressive og antipsykotiske legemiddel enn normalbefolkninga.

Av Torstein Helleve
Publisert 18. mars 2023

Alzheimer er kjend som ein snikande sjukdom, og kanskje er det slik at tidlege symptom vert feiltolka av legane, slik at pasienten vert medisinert for psykiatriske sjukdomar. Det er i alle fall ei mogleg tolking av doktorgradsarbeidet til Anne Efjestad, som nyleg disputerte ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– I Reseptregisteret kan vi sjå når nokon begynner med medisinar mot Alzheimer. Vi reknar dette som ein god indikator på når diagnosen er sett fyrste gong, sidan retningslinjene seier at medikamentell behandling skal setjast i gang med ein gong, seier Efjestad.

– I data frå registeret ser vi at i 2–4 år før Alzheimer-behandlinga startar, har denne pasientgruppa høgare bruk av antidepressiva og antipsykotika enn tilsvarande aldersgrupper i resten av befolkninga.

Seier ikkje noko om kva som har vore prøvd

Sidan doktorgraden baserer seg på berre registerdata og ikkje kliniske data, kan Efjestad berre slå sikkert fast at det er slik, ikkje kvifor. Men det finst nokre nærliggjande tolkingar:

– Resultata tyder på at åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens oppstår i en tidlig fase av Alzheimer. For eksempel, dersom folk merkar at dei begynner å fungera litt dårlegare mentalt enn før, er det ikkje så overraskande om ein blir oppgitt og nedstemt. Det kan legen lett tolka som depresjon og gje behandling for det, medan andre behandlingsformer burde prøvast fyrst, seier ho.

– Men våre data seier altså ikkje noko om kva alternativ som har vore prøvd før ein startar med medisinar.

Berre ein hypotese

Anne Efjestad med blomar i hendene utanfor Helga Engs hus
Anne Efjestad etter disputasen i oktober. Foto: Privat
 

Det er fleire kvinner enn menn som har høgt forbruk av antidepressiva, og kvinner har òg høgare bruk av smertestillande enn menn. Menn har derimot høgare bruk av antipsykotika.

– Det kan ha samanheng med at blant Alzheimer-pasientar er menn meir fysisk aggressive. Kanskje reagerer dei med meir utagerande åtferd på tidlege symptom enn kvinner, og det blir tolka som aggressiv åtferd som krev behandling med antipsykotika, seier Efjestad.

– Men igjen, det er berre ein hypotese basert på dataa frå registeret.

Underkommuniserte og underbehandla smerter

Ein del legemiddel, blant andre antipsykotiske og antidepressive legemiddel, har det som heiter ein antikolinerg effekt. Vi treng ikkje gå nærare inn på kva det inneber, ut over å fortelja at Alzheimer på si side vert behandla med ei gruppe legemiddel med namnet acetylkolinesterasehemmarar, forkorta AChEI.

– Desse aukar mengda av acetylkolin i hjernen. Denne effekten av AChEI vert hindra eller stoppa heilt av antikolinerge legemiddel. Det kan dermed vera heilt bortkasta å gje slike legemiddel samstundes, men likevel såg vi at slik kombinasjonsbehandling vart gjeve hjå en del av pasientane, seier Efjestad.

Medan bruken av psykofarmaka er auka både før og etter behandling med AChEI startar, er bruken av opioidar, sterke smertestillande som til dømes Paralgin forte, lågare enn i resten av befolkninga, medan bruken av paracetamol er høgare.

– Demenspasientar kan ha vanskeleg for å setja ord på ting, så ei mogleg tolking her er at smertar dei har, vert underkommuniserte, og dermed underbehandla, seier Efjestad.

Kombinasjon aukar risiko

– Men når ein ikkje får medikamentell hjelp, kan smertane føra til uro hjå pasienten. Denne uroa kan visa seg gjennom ulike typar av åtferd, og så kan det henda at det er åtferda som vert medisinert, i staden for den underliggjande smerten.

Ein mogleg biverknad av AChEI er forstyrringar i hjerterytmen, som kan vera farlege. Den same effekten har ein del andre legemiddel, nokre som biverknad, andre som tilsikta effekt.

– Vi fann for eksempel at 17 prosent av pasientane fekk AChEI samstundes med citalopram og escitalopram, som vert brukt ved behandling av depresjonar og som òg kan verka negativt på hjerterytmen. Kombinasjonen aukar naturleg nok risikoen for uynskte effektar, seier Efjestad.

Lært mykje av kvarandre

Ho understrekar at bodskapen ikkje er at det alltid er feil å gje dei ulike legemidla ho har funne problem med.

– Poenget er at behandlarar må vera bevisste på utfordringane med biverknadar og interaksjonar. Dette er jo ei pasientgruppe som ikkje er så godt i stand til sjølve å seia frå om plager dei måtte ha.

Efjestad arbeider som klinisk farmasøyt ved Ahus Lørenskog, og sidan forskinga har gått parallelt med arbeid i klinikk, har doktorgradsarbeidet teke ti år. Ho skryter av dei ho har samarbeida med:

– Vi har vore eit tverrfagleg team med farmasøytar, legar og ein statistikar. Ingen av oss kunne ha gjort dette utan kompetansen frå dei andre faggruppene.

Emneord: Farmasi