Interiør frå akuttmottaket på Diakonhjemmet

Feil i legemiddellistene frå akuttmottaket, kan fylgja med gjennom heile sjukehusopphaldet. Foto: Nicolas Tourrenc/Diakonhjemmet sykehus

– Betre sikkerheit med legemiddelgjennomgang i akuttmottaket

Feilmedisinering av akuttpasientar kan lettare unngås ved å sjå på legemiddelbruk. Oppfylging av problema kan kutta kostnadar.

Av Torstein Helleve
Publisert 2. mars 2023

Akuttmottaket er sjukehuset sin sorteringssentral. Kyndige legar sender ein pasient til kirurgi, ein annan til ein medisinsk sengepost, medan ein tredje vert sendt heim att for oppfylging av fastlege. Døgnet rundt, raskt og effektivt.

Nokre gonger meir raskt enn effektivt.

Legar i akuttmottak brukar i snitt i underkant av åtte minutt på legemiddellista til kvar pasient. På denne tida skal det hentast inn legemiddelopplysningar frå fleire ulike kjelder, samt at lista skal dokumenterast, fortel Lisbeth D. Nymoen, som i oktober disputerte for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Ufullstendige legemiddellister

Forskinga hennar er gjort i akuttmottaket på Diakonhjemmet sykehus, der ho arbeider som klinisk farmasøyt.

– Eventuelle feil i legemiddellistene som fylgjer pasienten frå akuttmottaket, kan fylgja med gjennom heile sjukehusopphaldet og til og med etter utskriving, forklarar Nymoen.

– Og vi veit at desse feila oppstår. Legane i akuttmottaket må heile tida prioritera, og det vil oppstå situasjonar der legen må senda frå seg pasientar med ufullstendige legemiddellister.

Biverknader kan oppstå ved normal bruk

Nymoen har derfor sett på korleis kliniske farmasøytar best kan bidra i arbeidet med innhenting og dokumentasjon av legemiddellister.

Lisbeth Damlien Nymoen
– Det mest effektive er om farmasøyten kan innhenta legemiddellista før legen overtar, seier Lisbeth D. Nymoen. Foto: Privat

– Vi ser at det mest effektive er om farmasøyten kan innhenta legemiddellista før legen overtar. Dersom vi kjem inn seinara er det vanskelegare for legen å finna tid til å sjå på lista på nytt etter at farmasøyten har gjort sitt.

Ein annan fordel med farmasøytar i akuttmottaket er at dei kan fanga opp om innlegginga er knytt til legemiddelbruk. Og dei er det mange av.

– Hjå kvar femte pasient som kjem til akuttmottaket, kan innlegginga knytast til problem med behandling med legemiddel. Størsteparten av desse er biverknadar som kan oppstå ved normal bruk, men om lag 17 prosent av dei legemiddelrelaterte innleggingane skuldast feil legemiddelbruk, seier Nymoen.

Feil lister kan føra til legemiddelrelaterte problem

– Mange av dei legemiddelrelaterte innleggingane kan førebyggjast. Systematiske legemiddelgjennomgangar i primærhelsetenesta med fokus på biverknadar og feil legemiddelbruk er viktig. Ved å identifisera fellestrekk ved pasientane med legemiddelrelaterte innleggingar kan vi peika ut pasientar som er i risikogruppa.

Nymoen er oppteken av innsparinga dette kan bety for både pasient og samfunn.

– Det er kanskje ikkje overraskande at eg som farmasøyt meiner at vi treng fleire kliniske farmasøytar, andre yrkesgrupper vil hevda det same om sine, smiler Nymoen.

– Feil i legemiddellistene til pasientane kan både føra til at legemiddelrelaterte problem oppstår, og innleggingar som skuldast legemiddel der årsaka ikkje vert oppdaga.

Liten effekt på lengda av opphaldet

– Slike feil kan føra til unødvendige sjukehusinnleggingar eller unødvendig lange sjukehusopphald. Eg er overtydd om at sjukehusa og samfunnet vil spara mykje på å auka omfanget av kliniske farmasitenester i akuttmottaka.

Med utgangspunkt i legemiddellista kan farmasøytane òg gjera ein legemiddelgjennomgang. Det inneber at dei går gjennom legemiddellista og vurderer behovet for det enkelte legemidlet, og kva legemiddel som potensielt kan verka på kvarandre med uheldige konsekvensar.

Men forsøka med legemiddelgjennomgang av farmasøytar i akuttmottaket gav liten effekt på lengda på opphaldet og talet på pasientar som vart reinnlagde. Legemiddelgjennomgangen forlenga likevel tida til pasienten vart lagd inn på nytt.

– I studien følgde vi pasientane mens dei opphelde seg i akuttmottaket. Dernest satsa vi på at dei som overtok pasienten, skulle følga opp foreslåtte tiltak for å løysa problema som vart avdekka i legemiddelgjennomgangen. Det skjedde dessverre i liten grad, fortel Nymoen.

Ynskjer eigen kode for legemiddelsamstemming

– Eit tilvisingssystem til kliniske farmasøytar på sengepost for innlagde pasientar, og eit oppfylgingsskriv til fastlege for pasientar som sendast heim, er nok nødvendig for at desse legemiddelrelaterte problema skal bli følgd opp.

I tillegg meiner ho det er det viktig at den innsatsen som vert lagt ned under eit sjukehusopphald for å sikre ei korrekt legemiddelliste og avdekkja eventuelle  problem vert formidla til pasienten sin fastlege og andre behandlarar. Derfor ynskjer Nymoen seg ein prosedyrekode for legemiddelsamstemming, slik andre tiltak på sjukehusa har.

– Legemiddelgjennomgangar kan kodast, men koden vert ikkje alltid inkludert i epikrisane. Dermed vert ikkje eventuelle oppfylgingspunkt vidareformidla til neste behandlingsledd. Dersom det hadde fylgd pengar med koden ville dokumentasjonen mest sannsynleg auka, og dermed òg vidareformidlinga, seier Nymoen – Vidare ville ein eigen kode for legemiddelsamstemming gjort det tydeleg for neste behandlingsledd kva legemiddel pasienten har brukt og at slutningane under sjukehusopphaldet vart tekne på rett grunnlag.

Emneord: Farmasi