Intravenøs slange med væske som det flyt kvite partiklar i

Utfellinga i slangen var synleg med det blotte auga. Foto: Niklas Nilsson

Seksåring fekk legemiddel intravenøst – pumpa gjekk tett

Det sjuke barnet fekk fem legemiddel samstundes, men så gjekk den intravenøse slangen tett. Farmasøytane måtte finna ut kvifor.

Av Torstein Helleve
Publisert 22. feb. 2023

Alarmen gjekk på Barneintensiv Rikshospitalet. Pumpa som gav legemiddel intravenøst til ein svært sjuk seksåring, var gått tett. Sjukepleiaren som kom til, såg kva problemet var: den klare væska var ikkje klar lenger, men full av eit kvite krystallar.

– Syndaren var ei ny buffervæske ved namn Plasma-Lyte. Ho vert brukt til å gje væske og elektrolyttar som pasienten treng, seier Niklas Nilsson, klinisk farmasøyt på Barneintensiv og stipendiat ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Barnet fekk fire andre legemiddel i same slange, eller lumen, som det heiter. Eitt eller fleire av desse hadde reagert med å fella ut eit fast stoff.

Kombinasjonar med fleire legemiddel

Vansken med å gje intravenøst til små barn er at dei ofte har færre intravenøse inngangar enn vaksne. Det betyr at moglegheitene for å setja slangen er færre. Når pasienten skal ha fleire legemiddel samstundes, er det ingen veg utanom å gje dei i same slange. Men det er ikkje risikofritt.

– Legemiddel er kjemiske substansar som kan reagera med kvarandre når dei vert blanda. Ein del kombinasjonar er utprøvde i laboratoriet, men ofte berre parvis og i gitte kvanta, fortel Nilsson.

– På sjukehuset må vi ofte gje kombinasjonar med tre, fire, fem ulike legemiddel. I doseringar som varierer frå pasient til pasient.

Testar vanlegvis ut kombinasjonar

Niklas Nilsson
– Vi identifiserte kva komponentar som ikkje bør gå saman, fortel Niklas Nilsson. Foto: Asbjørn Lunnan

Sjukepleiarane som skal gje legemidla hamnar i eit dilemma. Men som Katerina Nezvalova-Henriksen, ein farmasøytkollega av Nilsson, sa i eit tidlegare Titan-intervju: «Du veit ikkje om legemidla er trygge, men du veit kva som skjer om du ikkje gjev dei. Slik sett er valet enkelt.»

– Når situasjonar som dette oppstår, betyr det at behandlinga med legemiddel kan bli avbroten eller forseinka. Og denne behandlinga er kanskje den viktigaste av alle, seier Nilsson.

Han og Nezvalova-Henriksen forskar begge på kombinasjonar av intravenøse legemiddel, men vanlegvis tek dei utgangspunkt i mykje brukte legemiddel og testar dei ut i ulike kombinasjonar for å finna ut kven som er trygge å gje saman. I dette tilfellet var utgangspunktet det motsette.

– Vi starta med ein kjend kombinasjon som vi visste var utrygg. Oppgåva vår her var å rekonstruera det som hadde skjedd. Deretter identifisera kva komponentar som ikkje bør gå saman.

Reagerte med utfelling

I situasjonen med seksåringen klarde sjukepleiarane omsider å finna ut at utfellinga forsvann når Plasma-Lyte vart fjerna, og behandlinga kunne takast opp att.

– Det løyste den akutte situasjonen.

Likevel måtte forskarane finna ut av kva legemiddel som hadde reagert med kvarandre. Slik at ikkje liknande situasjonar kan oppstå i framtida.

Gjennom forsøk i laboratoriet kunne forskarane slå fast at to av legemidla som var brukt, midazolam og ketamin, begge reagerte med utfelling når dei vart blanda med Plasma-Lyte. Dei to andre, fentanyl og kaliumklorid, verka derimot å vera trygge.

– Det er viktig å gjera slike forsøk i laboratoriet, slik at vi kan fanga opp utfall som er for lite til å sjå med det blotte auga. Dei kan likevel vera store nok til å blokkera dei minste blodårene i kroppen, seier Nilsson.

Viktig med kliniske farmasøytar på sjukehus

– Det som er litt urovekkjande, er at informasjonen frå produsenten av Plasma-Lyte seier at den er trygg å blanda med både midazolam og ketamin. Forsøka våre viser at det ikkje er tilfelle, så analysane deira har nok ikkje vore gode nok.

Episoden er eit godt døme på korleis forskinga bidrar til å lukka avvik. Avviket har blitt rapportert, kartlagt og forska på, og forskinga kjem rett tilbake som retningslinjer.

– Dette hadde ikkje vore mogleg utan farmasøytisk kompetanse. Plasma-Lyte er ei bufferløysing, som betyr at pH-verdien ikkje lett let seg påverka. Plasma-Lyte har ein pH-verdi på litt over sju, medan bufferløysinga som tidlegare var vanleg, låg rundt fem, forklarar Nilsson.

– Denne forskjellen er årsaka til at legemidla reagerer ulikt med dei to løysingane. Å fanga opp dette, krev kjemikunnskap ut over det legar og sjukepleiarar har. Dette viser kor viktig det er med kliniske farmasøytar på sjukehus.

Den vitskaplege artikkelen

Nilsson m.fl.: Exploring a case of incompatibility in a complex regimen containing Plasma-Lyte 148 in the pediatric intensive care. Pediatric Anesthesia, Nov 22

Emneord: Farmasi