Versjonar av eit mikroskopbilete av neuron, fargelagt i ulike fargar og lagt ved sida av kvarandre

Mikroskopbilete av neuron. Foto/montasje: Denis Zosen

Studerer hjernen med modellar for å finna årsaker til alvorlege og utbreidde sjukdommar

Sjukdommar i hjernen er i ferd med å bli den mest utbreidde sjukdomsgruppa i verda. Forskinga veit for lite om årsakene, men modellar kan hjelpa.

Av Torstein Helleve
Publisert 10. feb. 2023

Dette visste du antakeleg ikkje: sjukdommar i hjernen er den nest mest utbreidde sjukdomsgruppa på verdsbasis. Alt neste år kan dei klatra heilt til topps, og leggja meir kjende grupper som hjerte-/karsjukdommar og kreft bak seg. Det vert anslått at 35,7 prosent av befolkninga på jorda har ei eller anna form for nevrologisk liding.

Ein del av desse er såkalla nevroutviklingsforstyrringar, som mellom anna omfattar autisme og ADHD. Nevroutviklingsforstyrringar kan opptre hjå så mange som 10–15 prosent av alle nyfødde. Dei kan ha genetiske årsaker, men dei kan òg skuldast påverknadar som barnet vert utsett for mens det enno ligg i mors liv.

– Men det er vanskeleg å forska på ufødde barn, av opplagte årsaker. Risikoen for å påføra fosteret uopprettelege skadar gjer at vi må finna alternative måtar å forska på, seier Denis Zosen, som i desember disputerte for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Har utvida eksisterande protokollar

– Derfor utviklar vi og testar ulike modellar som etterliknar nevroutviklinga hjå det menneskelege fosteret. Modellar som det ikkje heftar dei same etiske problema ved.

Titan har tidlegare skrive om at Zosen har forska på hjerneutvikling hjå kyllingfoster, og avdekt at den vert påverka av vanleg epilepsimedisin.

– Forskinga vår viser at kyllingfoster eignar seg godt som alternativ dyremodell for prekliniske farmakologiske studiar.

Zosen har òg forska på menneskelege cellelinjer. Cellelinja med namnet SH-SY5Y har vore forska på i meir enn femti år. Zosen har utvida eksisterande protokollar for å dyrka fram modnande neuron, eller nerveceller.

Denis Zosen i laboratoriet
– Sjølv etter kort tid kunne vi registrera nokre små forstyrringar i nevroutviklinga, seier Denis Zosen. Foto: Privat

Kan påverka hjerneutviklinga hjå barn

– Eg let cellene mine «surra i gryta» i 21 dagar. Dei to siste dagane vart dei eksponerte for to av dei mest brukte antidepressive legemidla, escitalopram og venlafaxin, forklarar han.

– Sjølv etter så kort tid kunne vi registrera nokre små forstyrringar i nevroutviklinga.

Ein annan studie som Zosen er medforfattar på, viste at overdriven bruk av paracetamol hjå mor òg kan hemma hjerneutviklinga i fosteret.

– Med andre ord viser grunnforskinga vår at alle legemidla vi har testa, ser ut til å kunna påverka hjerneutviklinga hjå det ufødde barnet, seier Zosen.

Tett samarbeid vil gje betre svar

Han understrekar at for dei fleste nevrologiske lidingar er det betre å ta eit legemiddel enn ikkje, både for mor og barn. Og foreldre bør uansett alltid rådføra seg med ein lege om legemiddelbruk under svangerskapet.

– Ved hjelp av modellane er det kanskje mogleg å finna dei tryggaste legemidla. Men epidemiologane, dei som forskar på førekomsten av sjukdom i befolkninga, er dei som kan gje svar på kor stor grunn det er til bekymring. Tett samarbeid mellom forskarar i epidemiologi og molekylærbiologi vil sikra betre og grundigare svar på overfloda av nevrologiske og nevroutviklingslidingar, seier Zosen.

Dukkar opp nye startups

Han fortel at talet på fødde med diagnose på autismespekteret vart anslått til å vera mellom 0,7 og 4 per tusen fødde basert på data frå perioden 2000–2009. I dag er nokre anslag så høgt som 11,6 per tusen fødde, og endå høgare i utsette regionar.

– Noko av dette skuldast nok betre diagnoseformer, mellom anna at vi har blitt flinkare til å identifisera slike sjukdommar hjå jentebarn, seier Zosen.

– Men det høyrest ikkje bra ut at sjukdommar i hjernen er i ferd med å ta over verda. Likevel verkar det ikkje som den farmasøytiske industrien heilt har teke dette på alvor, og ein kan jo spørja seg kvifor. Men no dukkar det opp ein del nye startups som vil angripa desse sjukdommane, inkludert i Noreg.

Emneord: Farmasi