Kvinne i grøn sjukehusuniform sit på golvet i ein korridor og tek seg til hovudet. Ein mann i kvit frakk lener seg hjelpdamt over henne

Helsepersonell var ekstra stressa under pandemien. Foto: Colourbox

Pusteteknikk, meditasjon og enkle øvingar kan hjelpa stressa helsepersonell

Legar som brukte ein spesiell yogateknikk hadde færre stressymptom enn legar som fekk vanleg stresshandteringshjelp.

Av Torstein Helleve
Publisert 28. feb. 2024

Eigentleg er det noko heilt anna Fahri Saatcioglu er ekspert i. Professoren ved Institutt for biovitskap ved UiO er molekylærbiolog og forskar på kreft, hovudsakleg prostatakreft.

– Opp gjennom åra har eg blitt stadig meir interessert i øvingar for kropp og sinn, og korleis dei verkar. Eg starta sjølv med yoga, meditasjon og pusteøvingar i starten av karrieren min, fortel han.

– Eg opplevde at det hadde positiv effekt på meg. Eg vart nysgjerrig på mekanismane bak, og starta å fylgja med på den vitskaplege litteraturen på temaet.

Etter kvart vart han så nysgjerrig at han gjennomførde ein studie sjølv.

Trente dagleg heime

– For ti års tid sidan undersøkte vi effekten av ein yoga-variant som heiter Sudarshan Kriya Yoga, eller SKY, seier Saatcioglu.

– Vi fann at etter berre to timar kunne vi påvisa endringar i genuttrykket i bestemte typar immunceller. Det pirra nysgjerrigheita endå meir.

Då pandemien kom, tilbaud han SKY-programmet til 1700–1800 helsepersonell i Europa i samarbeid med den ideelle organisasjonen International Association for Human Values and the Art of Living Foundation. Deltakarane brukte 90 minutt om dagen i tre dagar for å læra programmet. Etter det trente dei heime, helst dagleg i omtrent 20-30 minutt.

Stressnivået gjekk ned

– Grunnen til at vi vende oss til denne gruppa var naturlegvis at dei var i ein ekstra stressa situasjon. På toppen av bekymringane som alle sleit med, kom at dei måtte utsetja seg sjølv, og dermed òg sine nærmaste, for potensiell smitte, forklarar Saatcioglu.

– Samstundes måtte dei vera vitne til liding og død som dei ikkje hadde botemiddel mot, som sjølvsagt skapte ei kjensle av å ikkje strekkja til.

I etterkant av programmet gjennomførde dei ei spørjeundersøking, der deltakarene vart spurde om dei ville tilrå programmet for andre. Alle svarte ja. 94 prosent svarte at stressnivået deira hadde gått ned. 81 prosent meinte at programmet ville betra arbeidsinnsatsen deira.

Mindre vanskar med søvnløyse

Fahri Saatcioglu
– Mi lesing av litteraturen tyder på at SKY så langt er det beste individuelle programmet mot utbrentheit hjå legar, seier Fahri Saatcioglu. Foto: Privat

– Eg hadde gode forhåpningar om positive svar, med mine eigne erfaringar med SKY. Men desse svara var så langt over forventingane at vi bestemte oss for å gjera ein ordentleg studie.

129 praktiserande legar frå Tyrkia, Tyskland og Dubai vart delte inn i to grupper. Den eine gruppa gjennomgjekk SKY-programmet, medan kontrollgruppa fekk eit kurs i stresshandtering. Begge gruppene hadde oppfølgingsmøter på nett ein gong i veka dei åtte vekene studien varte.

– Vi brukte ulike internasjonalt validerte spørjeskjema for å bestemma effekten av SKY på velværeparameter som stress, angst, depresjon og utbrentheit. SKY-deltakarene skåra signifikant betre på alt dette, og dei rapporterte òg mindre vanskar med søvnløyse.

Tapar 4,6 milliardar dollar

Saatcioglu meiner at det vil vera ei god investering for helseinstitusjonar å leggja til rette for at personalet får høve til å driva mental avspenning i arbeidstida.

Mi lesing av litteraturen tyder på at SKY er det beste programmet så langt. Det kan potensielt forbetrast, eller andre liknande program kan bli utvikla i framtida. Det viktige er at institusjonane tek behandlarane si mentale helse på alvor, seier han.

– Det kan redusera utbrentheit og gjera det lettare å halda på personalet. Ikkje minst kan det bidra til færre feil i pasientbehandlinga, og dermed spara både menneskelege kostnadar og økonomiske. I USA reknar ein med at helsevesenet kvart år tapar inntekter tilsvarande 4,6 milliardar dollar på medisinfeltet på grunn av tapte arbeidstimar og høg turnover blant legane.

Ynskjer fleire menn

– Den reelle kostnaden er mykje høgare, ein kan og ta med medisinske feil forårsaka av utbrenthet som er vanskeleg å rekne ut. Det er store summar.

Han understrekar at det trengst meir forsking. Han ynskjer å gjennomføra ein studie i Noreg, og dei har levert søknad om forskingsmidlar i eit anna europeisk land.

– Det er fleire aspekt vi ynskjer å ta med i framtidige studiar. Til dømes skulle vi gjerne hatt lengre oppfylgingsperiodar for å sjå kor lenge effektane varer. Vi ynskjer òg å inkludera fleire menn, for i denne studien var om lag nitti prosent av deltakarane kvinner. Yrkesgrupper utanfor helsevesenet med stress kan òg vera aktuelle, seier han.

– Vidare er det interessant å fylgja det fysiologiske sporet. Eg nemnde endringar i genuttrykket i immunceller, og det vil òg vera interessant å studera mellom anna utvalde hormon, hjarte-kareffektar, og andre delar av immunsystemet.

Dei vitskaplege artiklane

Korkmaz, Saatcioglu m.fl.: Sudarshan Kriya Yoga Breathing and a Meditation Program for Burnout Among Physicians. A Randomized Clinical Trial. JAMA Network Open, Jan 2024

Saatcioglu m.fl.: The Promise of Well-Being Interventions to Mitigate Physician Burnout During the COVID-19 Pandemic and Beyond. JCO Oncology Practice, Sep 2022

Qu, Saatcioglu m.fl.: Rapid Gene Expression Changes in Peripheral Blood Lymphocytes upon Practice of a Comprehensive Yoga Program. PLOS ONE. Apr 2013

Emneord: Biovitenskap