Blod

Plakk som byggjer seg opp langs åreveggane, kan føra til blodpropp om det sprekk eller losnar. Foto: <a href=\"https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0/\">Scientific Animations</a>

Det mystiske blodpropp-enzymet

Blodprøver frå 272 pasientar som var behandla for hjarteinfarkt, tyder på at enzymet legumain, som ein har trudd var ein risikofaktor, tvert om kanskje er til hjelp.

Av Torstein Helleve
Publisert 9. feb. 2020

Aterosklerose er ein sjukdom der dei vanlegvis glatte åreveggane i arteriane gradvis vert dekka med kolesterol og anna feitt, betennelsesceller og kalk. Desse avleiringane vert kalla plakk. Dersom dei sprekk eller losnar frå celleveggen, kan dei føra til blodpropp og akutte tilstandar som slag eller hjarteinfarkt.

– Vi hadde tidlegare funne auka nivå av enzymet legumain i blodplasma og plakk hjå pasientar med slike plakk i åreveggen, fortel Ngoc Nguyen Lunde, postdoktor ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Det var fyrste gong dette vart påvist i blodplasma hos pasientar med hjarte-/kar-sjukdommar, men kva var rolla til legumain? Enzymet var ikkje så godt kjent, men sidan vi fann det ved hjarte-/kartilstandar, var det nærliggjande å mistenkja at det spelte ei medverkande rolle.

I faresona

 

Ngoc Nguyen Lunde
– Kan det henda at legumain ikkje er ein risikofaktor ved akutte hjarte-/karsjukdommar? spør Ngoc Nguyen Lunde. Foto: UiO

Lunde og kollegaene fekk tilgang til materiale frå ei større undersøking som var gjort i Malmö og undersøkte blodprøvar frå 400 pasientar med hjarte-/karsjukdommar og/eller diabetes type 2.

– Som venta fann vi høgare legumain hjå pasientane med hjarte-/karsjukdommar, uavhengig av om pasientane samtidig hadde diabetes. Dette tyder på at legumain ikkje er involvert ved diabetes, seier Lunde.

Jakta deira på legumain si rolle tok dei likevel i ei anna retning. Dei var mellom anna interesserte i om enzymet kunne brukast som biomarkør, altså eit stoff som gjennom til dømes blodprøvar kan indikera om ein pasient er i faresona for akutte hjarte-/kartilstandar.

Nivået fort ned etter behandling

– Vi fekk tilgang til blodprøver frå 272 pasientar som var behandla for STEMI, ei alvorleg form for hjarteinfarkt, ved Ullevål universitetssjukehus.

– Vi fann at pasientane hadde høg legumain-konsentrasjon ved innkomst til sjukehuset, samt rett før og rett etter behandlinga. Men alt dagen etter var nivået nærmast normalisert, og det var stabilt på omtrent same nivå etter både fire og tolv månadar. Når nivået går ned så fort etter behandling, er legumain ikkje særleg godt eigna som biomarkør for stabile hjarte-/karsjukdommar.

Derimot fann dei ein annan interessant samanheng:

– Akutte hjarteinfarkt er farlege, og det er dessverre ikkje alle pasientar som overlever. Men vi såg at dei som overlevde tre år etter hjarteinfarkt, hadde hatt dei høgaste legumain-nivåa i akuttfasen før behandlinga, forklarar Lunde.

– Det kan bety at høgt legumain er gunstig for denne pasientgruppa.

Spørsmål melder seg

I tillegg undersøkte dei blodproppar, eller tromber som det heiter på fagspråket, og fann at legumain var til stades i dei same områda som makrofagar og monocyttar, kvite blodceller som fungerer som kroppen sine reinhaldsarbeidarar og fjernar bakteriar, cellerestar og anna rusk.

Og til deira overrasking var legumain òg til stades i blodplater, som har ei særs viktig rolle i danninga av blodpropp. Celleeksperiment på laboratoriet viste at legumain kan påverka immunceller til å produsera substansar for å redusera inflammasjonen.

– Når vi koplar dette med funnet at høgare legumain-nivå aukar sjansen for å overleva, melder spørsmålet seg: Kan det vera at legumain ikkje er ein risikofaktor ved akutte hjarte-/karsjukdommar, men snarare er ein del av kroppen sitt forsvarssystem? spør Lunde. Men ho vil ikkje rehabilitera det mistrudde enzymet endå.

– Vi er dei fyrste som har funne denne samanhengen. Vi veit jo ikkje eksakt kvifor vi finn høge nivå av dette enzymet i plakk, blodproppar og i sirkulasjonen, og kva slags rolle legumain har ved hjarte-/karsjukdommar, men det kan jo tenkjast at legumain har ein gunstig påverknad på betennelsen i åreveggane.

Den vitskaplege artikkelen:

Lunde et al: Legumain is upregulated in acute cardiovascular events and associated with improved outcome - potentially related to anti-inflammatory effects on macrophages. Atherosclerosis, Dec 2019

Editorial comment: de Jager & Hoefer: Legumain in cardiovascular disease: Culprit or ally? Atherosclerosis, in press

Emneord: Farmasi