Ny nasjonal forskarskule innan mikrobiologi

Professor Hanne C. Winther-Larsen ved Farmasøytisk institutt er UiO-koordinator for den nye forskarskulen MiMa: Microbiology Matters.  

Av Torstein Helleve
Publisert 22. apr. 2025
Portrettfoto av Hanne C. Winther-Larsen
– Ein forskarskule gjev doktorgradsstudentane mange nye moglegheiter, seier Hanne C. Winther-Larsen. Foto: Adam R. Babinski/UiO

Siste veka i mars kunngjorde regjeringa tildeling av 112 millionar kroner til etablering av forskarskular. 16 av desse millionane går til MiMa, som vert leia av Pauline Cavanagh ved Norges akrtiske universitet (UiT). 

Universitetet i Oslo er partner i den nye forskarkulen. Dei involverte miljøa er Farmasøytisk institutt, Institutt for biovitskap (IBV), Medisinsk fakultet og Odontologisk fakultet, og koordinator for UiO er Hanne C. Winther-Larsen.

– Ein forskarskule gjev doktorgradsstudentane mange nye moglegheiter. Dei kan få finansiering til å dra på forskingsopphald andre stader, og gjennom årlege møte for deltakarane byggjer dei nettverk, seier ho.

– Vidare kan dei kan ta doktorgradskurs ved alle medlemsinstitusjonane i Noreg, og òg i Sverige. Slike tilbod finst det elles ikkje så mange av.

Fleire av kursa vert førde vidare frå den tidlegare forskarskulen IBA (National Graduate School in Infection Biology and Antimicrobials), som var koordinert av IBV/UiO og UiT, men det skal òg utviklast nye kurs i MiMa.

Skal løysa store samfunnsutfordringar

Forskarskulen vil frå starten ta opp 40–50 studentar. Målet er å utdanna nye sterke forskarar innan infeksjonsbiologi som skal bidra til løysingar innan antibiotikaresistens, vaksineutvikling, infeksjonar hjå menneske og dyr, og så vidare.

– Det er ikkje berre folkehelse som er tema. Vi vil arbeida i tråd med WHO si tilnærming om éi helse, One Health, som inneber at vi òg tek omsyn til dyrehelse og miljøet, fortel Winther-Larsen.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland la i ei pressemelding vekt på at landet treng fleire med forskarkompetanse både i akademia og i næringslivet.

 

Emneord: farmasi, livsvitenskap, Kortnytt