Nesten ni av ti pasientar hadde feil i legemiddellistene etter utskriving

Forskarane reiste rundt til pasientar etter utskriving for å avdekkja avvik på listene over legemiddel. Talet var oppsiktsvekkjande høgt. 

Av Torstein Helleve
Publisert 13. mai 2025
Kvitt medisinglas som ligg på sida. Det har velta ut ei rekkje tablettar med ulike former og fargar

Den klart vanlegaste feilen var at pasienten brukte medisinar som ikkje stod på legemiddellista frå sjukehuset. Foto: Pixabay

Talet på pasientar som brukar fleire legemiddel aukar i takt med levealderen. For desse pasientane er legemiddellister nyttig, både for behandlarar og pasienten sjølv. Men nytten minkar om listene ikkje stemmer med det pasienten faktisk brukar.

– Folk som brukar mange legemiddel, gjer det ofte fordi dei har fleire ulike sjukdommar. Desse pasientane har meir risiko for sjukehusinnleggingar enn andre. Dei har òg kontakt med fleire delar av helsevesenet, fortel Malin O. Syversen, stipendiat ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Det er kjend frå før at det oppstår feil i legemiddellistene ved overføring mellom institusjonar, eller frå institusjon til heim. Vi ynskte å finna kor mange pasientar dette gjaldt for etter at dei var utskrivne frå sjukehus.

Klinisk relevant på kort sikt

Forskarane reiste derfor rundt i heile Oslo for å snakka med 150 heimebuande pasientar. Alle pasientane brukte fire legemiddel eller meir. Forskarane drog ut til dei ei til to veker etter utskrivinga. Slik kunne dei med sjølvsyn sjå korleis pasientane tok medisinane sine. Sjølv om dei var førebudde på at det ville vera avvik, var talet på avvik oppsiktsvekkjande høgt.

– Heile 88 prosent, nesten ni av ti, hadde minst eit avvik frå legemiddellista frå sjukehuset. Mange hadde fleire. Det meste vi fann, var ti avvik på ei og same liste, seier Syversen.

– Dei fleste avvika var heldigvis ganske små og uskuldige. Men fem prosent av feila hadde potensial til på kort sikt å bli klinisk relevante. Det vil seia ha ein effekt på pasienten – i desse tilfella ein negativ effekt.

Dosering, styrke og tidspunkt

På lang sikt var risikoen betydeleg større. Så mange som 28 prosent av avvika kunne potensielt føra til eit klinisk relevant utfall.

– Den klart vanlegaste feilen var at pasienten brukte medisinar som ikkje stod på legemiddellista frå sjukehuset. Det omvende var òg vanleg: at medisinar stod på legemiddellista utan at pasienten brukte dei, forklarar Syversen.

– Resten av feila var knytt til dosering, styrke og når legemiddelet skulle takast.

Endra medisinering etter utskriving

Malin Olsen Syversen
– Dei fleste av avvika var heldigvis ganske små og uskuldige, seier Malin Olsen Syversen: Foto: Adam R. Babinski/UiO

Å finna feila er ein ting. Skal ein få ned talet på dei, må ein òg vita kva dei kjem av. Syversen har sett på det òg.

– Den klart vanlegaste årsaka vi registrerte var manglande eller utilstrekkeleg legemiddelsamstemming under sjukehusopphaldet. Det vil seia at ein ikkje har sikra at det som står oppført på legemiddellista, inklusivt endringar, stemmer med kva pasienten faktisk brukte før sjukehusopphaldet, seier Syversen.

– Dette utgjorde nesten to tredeler av alle feila. Andre vanlege årsaker var at pasienten bevisst valde å endra medisinregimet, eller at informasjonen frå sjukehuset hadde manglar eller mangla heilt. At pasienten sin fastlege i samråd med pasienten endra medisineringa etter utskriving var òg blant årsakene.

Meir sårbare for komplikasjonar

Syversen ser betre rutinar for legemiddelsikkerheit i sjukehusa som det beste botemiddelet.

– Når det er ein sjeldanheit at ein pasient kjem ut frå sjukehuset med ei riktig legemiddelliste, seier det seg sjølv at det ikkje er bra nok, slår ho fast.

– Pasientar som brukar så mange legemiddel, gjer det fordi dei har tilsvarande mange tilstandar som krev behandling. Dei er dermed meir sårbare for biverknadar eller andre komplikasjonar som fylgje av feil legemiddelbruk.

Den vitskaplege artikkelen:

Syversen m.fl.: Discrepancies in medication lists after hospital discharge in patients with multiple long-term conditions. Research in Social and Administrative Pharmacy, Mar 2025

Emneord: Farmasi, livsvitenskap