RNA på rømmen i blodbanen avslører kreft

Sjuke celler frigjer RNA til blodet. Det er vanskeleg å isolera RNA-molekyla frå alt det andre i blodet, men ei gruppe forskarar har funne ei løysing.

Av Torstein Helleve
Publisert 22. apr. 2025
blodprøver

Ein ny sensitiv metode fangar sjeldent RNA i blodet og kan avsløra sjukdom. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Vanlegvis passar cellene godt på RNA-molekyla sine. Men ved nokre sjukdommar, som kreft, slepper cellene ut små mengder RNA. Som så sirkulerer fritt i blodbanen. RNAet kan brukast til å diagnostisera sjukdommen.

– Ein kan ta vevsprøvar av det sjuke området, som tumoren ved kreft, dersom ein veit kvar ein skal leita. Men det gjer ein typisk berre ein gong, seier professor Trine B. Rounge ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo (UiO).

– Blodet er lettare tilgjengeleg. Det sirkulerer i heile kroppen og fangar opp signal. Og det kan tappast mange gonger.

Forskarane må sortera RNAet

Problemet er at i ein blodprøve er det veldig lite RNA som skriv seg frå dei sjuke cellene. Og veldig mykje av alt det andre blodet inneheld.

– I tillegg er det slik at når du tek ein blodprøve av nokon, vert òg ein del friske celler øydelagde. Dei slepper òg ut RNA til prøven, seier professorkollega Jonas Paulsen frå Institutt for biovitskap, UiO.

– Så ikkje berre må vi fanga opp RNA-molekyla, vi må òg sortera vekk det RNAet som kjem frå dei friske cellene. Det er RNAet frå dei sjuke eller infiserte cellene som inneheld opplysningane vi ynskjer. Å finna dei er som å lytta etter kviskring i eit lokale fullstappa med høgrøysta folk.

Ny metode for å undersøkje RNA

No har eit team av bioinformatikarar og molekylærbiologar lukkast med å utvikla ein metode for å høyra denne kviskringa. Teamet er leia av Monica Nesselbush ved Stanford-universitetet.

Saman har Rounge og Paulsen ved UiO skrive ein såkalla News & Views-artikkel i Nature. Det er ein popularisert artikkel som oppsummerer og kommenterer den vitskaplege artikkelen til Nesselbush og kollegaar. Begge er publisert same stad.

Forskarar foran tavle
Jonas Paulsen og Trine B. Rounge. Illustrasjonen på tavla finn du att i artikkelen deira, reinteikna av grafikarane til Nature. Foto: Torstein Helleve/UiO

– Dette er eit perfekt eksempel på at forskarane verkeleg har gått gjennom alle stega og optimalisert og sett saman nye teknikkar, seier Paulsen.

– Dei har sett på kvart steg av prosessen som del av ein heilheit. Det vanlege er at laben fyrst gjer seg ferdig med sine analysar og så sender dataa vidare til bioinformatikarane for sin analyse. I denne metoden er derimot alle stega del av ein integrert prosess.

Bioinformatikk og beregningsbiologi

– Å sortera ut RNAet som kan identifisera sjukdom handlar eigentleg om å fjerna alle feilkjeldene frå ein prøve, seier Rounge.

– Eg forskar sjølv på sirkulerande RNA, som vi kallar dette RNAet. Der jobbar eg mykje med å få kontroll på feila. Her har vi fått ein god prosess for å fjerna støyen som vi tek med oss inn i vår eiga forsking.

Rounge og Paulsen leiar kvar si forskingsgruppe i Bioinformatics in Life Science (BiLS) ved UiO, ein hub for bioinformatikk og berekningsbiologi.

– Målet er eit tettare samarbeid mellom bioinformatikarar her og elles i Oslo. Og mellom bioinformatikarar og faggrupper som jobbar meir eksperimentelt, seier Paulsen.

– Saman er vi sterke

– Det opnar for å pusha forskinga endå meir. Då må vi samla oss meir, og det gjer vi no når vi flyttar inn i Livsvitskapsbygget.

Rounge er einig.

– Saman er vi sterke. Sit vi kvar for oss og ikkje får diskutert med andre, vert det ikkje like høg kvalitet på arbeidet, seier ho.

– Og målet vårt er å levera like god forsking som i denne artikkelen.

Den vitskaplege artikkelen

Rounge & Paulsen: Highly sensitive method finds rare RNAs in blood. Nature, Apr 2025

Emneord: Farmasi, livsvitenskap, Biovitenskap