Antibiotikaresistens vil seia at bakteriar utviklar mekanismar som på fleire måtar fungerer som eit forsvar. Ein av måtane er å bryta ned legemiddelet.
– Dei mest brukte antibiotikuma i verda er ei gruppe som heiter betalaktam, seier Rebekka Rolfsnes Hovd, som 22. januar disputerte for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
– Mange bakteriar har utvikla enzym som har fått namn etter antibiotikumet det verkar mot og dermed heiter nesten det same, nemleg betalaktamase.
Potensielle forbindelsar
Betalaktamasar er inndelt i to klassar, etter kva slags komponent dei er avhengige av for å utføra forsvarsjobben. Den eine klassen er avhengig av aminosyra serin og den andre av metallet sink. Dei blir såleis kalla serin-betalaktamasar (SBLar) og metallo-betalaktamasar (MBLar).
– I mot den fyrste klassen har vi ein del stoff som kan forhindra enzyma frå å bryta ned betalaktam. Men MBLar har vi til no ingen botemiddel mot, forklarar Hovd.
– Prosjektet mitt har vore å forska på potensielle forbindelsar som kan bøta på det.
Blir ikkje brote ned
Hovd har gjort forskinga si under nærings-ph.d.-ordninga til Forskingsrådet ved Farmasøytisk institutt og ved UiT Noregs arktiske universitet, i tett samarbeid med det farmasøytiske selskapet Adjutec Pharma. Adjutec har teke namnet sitt frå adjuvans, som betyr eit hjelpestoff eller ei støttande behandling. Selskapet har sitt opphav frå forsking utført ved Universitetet i Oslo.
– Adjuvansen er altså ikkje eit legemiddel i seg sjølv. Åleine har han ingen effekt, forklarar Hovd.
– Men i kombinasjon med – i vårt tilfelle – eit betalaktam, fungerer adjuvansen ved å forhindra aktiviteten til betalaktamase-enzymet. Antibiotikumet blir såleis ikkje brote ned og kan ta knekken på bakterien.
Kan verka på eit breiare spekter
Adjutec si løysing er forbindelsar som angrip MBL-enzyma sin funksjon ved å stela sinken dei er avhengige av for å forsvara bakterien.
– Hovudkomponenten til Adjutec er forbindelsen ACP148. Det har alt vore gjennom tidleg klinisk utprøving på menneske med gode resultat, fortel Hovd.
– Eg har jobba med eit liknande stoff, APC24-7, som kombinerer teknologien bak APC148 med å stele sink med ein komponent som verkar på både SBLar og MBLar. Formålet var å gjera stoffet endå betre til å forhindra aktiviteten til betalaktamasane.
ACP24-7 er førebels berre testa på bakteriar i laboratoriet, in vitro som det heiter. Men Hovd har vist at å festa ein sink-stelande komponent til adjuvansar, slik som i APC24-7, kan gjera at dei kan verka på eit breiare spekter av antibiotikaresistente bakteriar.
Antibiotika får lenger levetid
At Adjutec kan ha funne motmiddel mot MBL-enzym betyr ikkje at problema med antibiotikaresistens er løyste. Det finst eit utal bakteriar og mange andre antibiotika enn betalaktama. Men betalaktamar er altså dei mest utbreidde, og verkar på farlege bakteriar som står på WHO si prioriteringsliste over dei som trengst behaldningar mot.
– Desse bakteriane er ein trussel mot den globale helsa vår. Dei er utruleg gode på å tilpassa seg, blant anna gjennom å dela gen mot resistens. Forskarar verda over angrip problemet frå ei rekkje ulike sider, og behovet for løysingar er kjempestort, seier Hovd.
– Måten vi angrip problemet på er ved å gjenoppliva antibiotika som alt er i bruk, slik at dei på nytt verkar mot dei bakteriane som har utvikla resistens mot dei. Det tek tid å introdusera nye antibiotika, og på denne måten bidrar vi til at eksisterande antibiotika får lenger levetid.
Den vitskapelige artikkelen:
Rebekka Rolfsnes Hovd mfl: APC24-7, a covalent combination of boronic acid and chelator moieties, restores β-lactam efficiency against metallo-β-lactamase-producers. mSphere, 2025.