I Jotunheimen finn vi dei høgaste fjella i Noreg, og denne nasjonalparken er óg "heimen" til mange isbrear og permafrost. Det er òg Noregs høgastliggjande tverrfaglege forskingsarena for natur og klima. Eitt av måla med formidlingsprosjektet Fjellviten er å nå ut til eit yngre publikum.
På Juvflye samarbeider forskarar frå fleire institusjonar for å forstå korleis fjella har endra seg, og korleis dei vil utvikle seg i framtida. Målet er å gjere høgfjellet til eit levande «klasserom» der elevar og ungdom kan læra meir om klima og natur.
Prosjektet samlar Norsk Fjellsenter og Klimapark 2469, saman med leiande forskingsinstitusjonar – mellom anna Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo.
Den viktigaste målgruppa for Fjellviten sitt formidlingsarbeid er elevar i vidaregåande skule, saman med ungdom og andre som er interesserte i klimaendringar i nordområda og i fjella i Noreg.
Den nye kortfilmen er tilgjengeleg på YouTube på norsk, men er også tilgjengeleg i ein versjon med engelske undertekstar:
Ein tidligare kortfilm frå forskarane kan sjåast her: Prosjekt Fjellviten: 30 sensorar overvakar klimaendringar i Juvflyas permafrost (YouTube)
Fjellviten – bidragsytarar og partnarar
Fleire partnarar arbeider saman og bidreg inn i Fjellviten-prosjektet:
Norsk Fjellsenter; Klimapark 2469; Innlandet fylkeskommune; Norsk institutt for naturforskning (NINA); Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU); Naturhistorisk museum; Universitetet i Oslo / Institutt for geofag; Meteorologisk institutt; Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE); Universitetet i Bergen; Bjerknessenteret for klimaforskning.
Fjellviten-prosjektet er finansiert av Sparebankstiftelsen DNB, Noreg.