Nyfødd baby som får navlestrengen klipt av

Navlestrengen kan skjula nyttig informasjon. Foto: Colourbox

DNA frå navlestrengen kan avsløra risiko for avvikande nevroutvikling hjå barnet

Ein blodprøve kan vera nok til å oppdaga at barnet kan koma til å utvikla svekka kommunikasjonsferdigheiter og psykomotorikk. Men det er langt fram.

Av Torstein Helleve
Publisert 6. sep. 2023

Nokre medisinar kan skada det ufødde barnet dersom mor brukar dei under svangerskapet, men ikkje alle skader er synlege ved fødselen. Utfall som ADHD, svekka kommunikasjonsevner og nedsett psykomotorikk kan vera usynlege i fleire år. Psykomotorikk er dei kroppslege handlingane vi styrer sjølve, som til dømes språk, bevegelsar og kroppshaldning.

– Derfor jaktar vi det som heiter biomarkørar, som vi kan avdekkja ved ein blodprøve og som alt ved fødselen kan fortelja oss om barnet har større risiko for slike nevroutviklingsutfall, seier postdoktor Emilie Willoch Olstad ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Vel å merka kan ikkje ein biomarkør slå fast sikkert at barnet kjem til å få slike utfall. Men om vi mistenkjer at eit barn er i risikogruppa, kan vi oppdaga symptom og setja i verk tiltak tidlegare.

Utviklar ikkje symptom like raskt

Olstad arbeider med noko som heiter DNA-metylering. DNA-metylering inneber at metylmolekyl festar seg til bestemte stader på DNA-molekylet, som vert kalla sete. Kva sete metylmolekyl festar seg til, avgjer kva gen som vert aktiverte eller ikkje.

– Vi har undersøkt om vi kan sjå nokon samanheng mellom DNA-metylering og barnet sin utviklingskurve for ADHD, nedsette kommunikasjonsevner eller nedsett psykomotorikk, seier Olstad.

– Utviklingskurven vi snakkar om, heng saman med at nevroutviklingsutfall utviklar seg i ulikt tempo frå person til person. Alle utviklar ikkje symptom like raskt, dei har med andre ord ulike utviklingskurvar.

Treng fleire replikasjonsstudiar

Emilie Willoch Olstad
– Vi må ikkje overproblematisera funn som kanskje ikkje har så stor betydning, seier Olstad. Foto: Adam R. Babinski/UiO

Forskarane fann ingen samanheng mellom DNA-metylering og ADHD. Derimot fann dei ein samanheng mellom DNA-metylering ved fødsel og ulike utviklingskurvar for nedsette kommunikasjonsevner og psykomotorikk. Men det betyr ikkje at metoden kan takast i bruk på fødestover rundt om i landet.

– Ein ting er at vi må vita kva tiltak vi skal setja inn, om nokon. Kor store praktiske konsekvensar vil det ha for barnet? Vi må vera forsiktige så vi ikkje overproblematiserer funn som kanskje ikkje har så stor betydning, seier Olstad.

– Men langt viktigare er det at dette berre er ein enkelt studie. Vi treng fleire replikasjonsstudiar, altså studiar som undersøkjer det same, for å sjå om dei får same resultat. Fyrst då kan vi fastslå samanhengen rimeleg sikkert.

Olstad veit kva ho snakkar om. I 2017 publiserte veiledaren hennar, Kristina Gervin, ein studie som fann ein samanheng mellom DNA-metylering og nevroutviklingsutfall hjå barn av mødrer som hadde brukt paracetamol i 20 dagar eller meir under svangerskapet.

Ynskjer å finna mekanismane bak samanhengane

Men då Olstad gjorde same undersøkinga nokre år seinare, med nyare metodar og teknologiar, fann ho ikkje den same samanhengen.

– Det viser kor viktig replikasjonsstudiar er.

Ho har òg prøvd å finna ein samanheng mellom DNA-metylering, nevroutviklingsutfall og mors bruk av dei antidepressive legemidla citalopram og escitalopram, men utan å lukkast.

– Vi fann riktig nok ein samanheng mellom bruk av antidepressiva og ADHD-diagnosar og -symptom, men det var kjend frå før, seier Olstad.

– Vi ynskjer å finna mekanismane bak samanhengane, ikkje berre at det er ein samanheng. Til dømes er det vanlegare med ADHD-symptom òg hjå barn av deprimerte mødrer som ikkje brukar medisinar, så det er ikkje sikkert at det er medisinen som er problemet, eller i alle fall ikkje alltid.

Dei vitskaplege artiklane

Olstad m.fl.: Effects of prenatal exposure to (es)citalopram and maternal depression during pregnancy on DNA methylation and child neurodevelopment. Translational Psychiatry, May 2023

Olstad m.fl.: No impact of prenatal paracetamol and folic acid exposure on cord blood DNA methylation in children with attention-deficit/hyperactivity disorder. Frontiers in Genetics, Jun 2023

Emneord: Farmasi