Informatikkstudenter kikker på PC

Studentane møter oppgåver som må løysast gjennom kjennskap til og forståing av pensum. Frå venstre: Victoria Langø, Omid Mirmotahari, Sanjat Vangaeva, Ånund Kielland Jore, Henning Nordhagen og Sebastian Hareide. Foto: Gina Aakre/UiO

Studentar på informatikk testar ny undervising. Spelar seg gjennom pensum.

– Motiverte studentar klarar det dei prøver på. Gamification har auka læringa, meiner fyrsteamanuensis.  

Av Torstein Helleve
Publisert 6. mai 2024

– Kva om vi droppar eksamen?

Fyrsteamanuensis Omid Mirmotahari og nokre kollegaar ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo var ikkje nøgde med korleis fyrsteårsstudentane vart presenterte for faget og såg etter nye måtar å gje undervising på.

– Informatikkfaget femner så vidt, frå etikken rundt bruk av KI via datatryggleik og operativsystem til korleis maskinvara er sydd saman, seier Mirmotahari.

– Skal vi levera informatikarar med det danningsnivået vi har ambisjonar om til samfunnet, må dei sjå samanhengar. Dei må forstå grensene for teknologien og kvifor vi er der vi er. Vi kan laga enkle oppgåver som dei kan løysa, men kva er læringsutbytet av det? Korleis få fram heilskapen?

Driven av motivasjonsfaktoren

 Mirmotahari prøvde seg fram med å laga meir spennande oppgåver, og såg at studentane syntest det var moro. Derifrå modna tanken om alternativ til eksamen for å betra studentane si læring.

– Og då blir fyrste spørsmålet: korleis tilfredsstilla studieadministrasjonen?, smiler han.

– Korleis blir det med måling, læring og vurdering utan eksamen? Eg gjekk nokre rundar med andre vurderingsformer, og enda opp med at det viktige er ikkje at vi heile tida vurderer studentane. Det viktige er at dei lærer. Så det var motivasjonsfaktoren som dreiv oss inn i gamification. Motiverte studentar klarar det dei prøver på.

Forstod at læringa var poenget

Mange av studentane har drive mykje med gaming, og ein del gjer det framleis mens dei studerer. Mirmotahari var heilt frå starten av klar over at dei ikkje hadde nubbesjanse til å konkurrera med dagens spel på grafikkfronten.

– Det var ikkje vits å prøva på. Så vi gjekk i heilt motsett retning. Det fyrste spelet vårt måtte studentane løysa med penn og papir, fortel Mirmotahari.

– Studentane syntest det var ein kjempegøy måte å læra på. Dei forstod at det var nettopp læringa som var poenget og at gamification er et pedagogisk verktøy. Hadde dei oppfatta det som berre noko artig tidsfordriv, hadde poenget vore borte.

Skjermdump med teksten. "Del 2: Fallende masker. Dere reparerte datamaskinen og kan nå prøve å koble til fjernstyringspanelet"
Studentane møter oppgåver som må løysast gjennom kjennskap til og forståing av pensum. Skjermdump frå spelet.

Kombinerer tradisjonelle format med digitale oppgåver

Det fyrste spelet heitte Escape from IFI. Oppslukte i studiane vart ei gruppe studentar innelåste på instituttet om kvelden. Oppdraget var å hjelpa desse studentane ut gjennom ei rekkje oppgåver som berre kunne løysast om ein hadde forstått pensum.

– No har vi laga ein digital oppfylgjar, med det meir spiselege namnet Natt på IFI. Konseptet er det same: ei rekkje oppgåver som må løysast gjennom kjennskap til og forståing av pensum, seier Mirmotahari.

– Oppgåvene kombinerer tradisjonelle format som sudoku og kryssord med digitale oppgåver, til dømes ein captcha der ein ikkje skal merka av kva bilete som inneheld eit trafikkskilt, men i staden velja plukka ut dei riktige frå ei samling ulike påstandar.

Merittert forelesar

Omid Mirmotahari
Omid Mirmotahari, førsteamanuensis ved Institutt for informatikk. Foto: Gina Aakre/UiO

Framleis er løysinga i pilot, slik at det berre er eit utval av fyrsteårsstudentane som deltek. Frå 188 studentar som melde seg frivillig vart 74 tilfeldige trekte ut som deltakarar.

– Studentane deltek i grupper, og sjølv dei svakaste gruppene leverer svar langt over det som er nødvendig for å bestå, fortel Mirmotahari.

– Dei får oppfylging av gruppelærarar undervegs, der alle gruppedeltakarane må gjera greie for kva dei har bidratt med. Likevel brukar gruppelærarane mindre tid enn ved tradisjonell rettleiing, og studentane får betre formative tilbakemeldingar.

I fjor vart Mirmotahari utnemnt til merittert forelesar under Utdanningskonferansen til UiO, men han understrekar at det ikkje er han åleine som skal ha æra.

Likar betre tradisjonell hjernetrim

– Vi er eit team med fast vitskaplege som samarbeider om piloten. Vi er ikkje fleire enn fem, men likevel representerer vi breidda innan informatikk ganske godt, seier han.

– Vi har òg fått god veldig god støtte frå fakultetet i form av studiekvalitetsmidlar. 

Ein skulle kanskje tru at Mirmotahari var ein ivrig gamar sjølv når han er så begeistra for gamification, men det er feil.

– Med unntak av nokre småspel på mobilen som tidtrøyte, er vel det siste spelet eg spelte Mario på Nintendo. Eg likar betre tradisjonell hjernetrim, nøtter og oppgåver ein finn i aviser og påskemagasin.

Emneord: Informatikk