Maria Schüller i laboratoriet med vernebriller, dropeteljar og prøveutstyr

Med dette utstyret kan Maria Schüller undersøkja 96 prøvar om gongen, men for syntetiske opioid sin del er det foreløpig sjeldan aktuelt med meir enn ein prøve om gongen. Foto: Torstein Helleve/UiO

Nye syntetiske opioid på veg inn på den norske marknaden

Kina har stoppa eksporten av fentanyl. Det har fått brukarar til å venda seg til ei ny-gammal gruppe potente stoff. Med ny analysemetode kan dei påvisast raskare og grønare.

Av Torstein Helleve
Publisert 25. sep. 2023

Bruken av syntetiske opioid, som liknar på dei naturlege stoffa som morfin og kodein, har gripe stadig meir om seg på verdsbasis. Nyare legemiddel som fentanyl og Oxycontin har til dømes bidrege til at ein i USA snakkar om ein opioidepidemi.

I mange land har desse stoffa vorte klassifiserte som narkotika, og Kina har stansa eksporten av fentanyl. Dei som ynskjer å bruka slike stoff, prøver derfor å finna alternativ.

– Nitazenanaloge stoff, ofte omtalt berre som nitazen, er syntetiske opioid som vart undersøkt alt på 50-talet som alternativ til morfin i sjukehus. Men dei gav for mykje biverknadar og vart ikkje tekne i bruk, fortel stipendiat Maria Schüller ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Tusen gonger sterkare enn morfin

– Men no har det dukka opp igjen på den illegale marknaden. Dei fyrste funna dukka opp i både USA og Europa så nyleg som 2019. I Noreg er det dokumentert tre tilfelle av nitazenbruk, to av dei med dødeleg utfall.

Ein dødsprosent på to tredelar høyrest så risikabelt ut ein kan spørja seg kvifor nokon tek sjansen på bruk, men forklaringa er at til no har ein påvist stoffet i arbeidet med å fastslå ei dødsårsak eller liknande. Så overlevingsprosenten er langt høgare enn ein tredel, men ingen må av den grunn tru at stoffa ikkje er farlege.

– Det er enorme forskjellar i kor potente dei ulike nitazena er. Dei mildaste, om ein kan kalla det det, har omtrent same effekten som morfin. Dei kraftigaste er tusen gonger sterkare enn det, seier Schüller.

Ressurskrevjande å utvikla analysemetodar

– Eitt korn eller to kan vera nok til ein dose – eller til og med ein overdose. Som med all ulovleg stoffhandel, enten det er på det mørke nettet eller fysisk, kan ein aldri vera sikker på kva det er ein har fått tak i.

Eit karakteristisk trekk ved syntetiske opioid har vore at det stadig vert utvikla nye variantar for å omgå ei lovgjeving som regulerer eitt og eitt stoff om gongen. Ny lovgjeving i ulike land gjer dette vanskelegare å omgå sidan ein har begynt å regulera grupper av stoff, men det er framleis ressurskrevjande og dyrt å utvikla analysemetodar for alle dei nye stoffa.

– Det er likevel nokon som har gjort det, og no har vi òg kasta oss på, fortel Schüller.

– Vi har testa prøveopparbeiding, som det heiter, av ni ulike nitazen. Vi har prøvd ut to ulike metodar, LPME og EME. Medan EME fungerte best på dei nye syntetiske hallusinogen som heiter tryptamin, viser LPME seg å fungera best på nitazen.

Analyserer ein prøve om gongen

Resultata for dei fleste stoffa vart veldig bra vurdert opp mot rettsmedisinske retningslinjer. Metoden passerte òg krava til grøne analysemetodar.

– I tillegg har vi trekt ut stoffa frå fullt blod. Det er meir komplekst enn å bruka blodplasma, men når det fungerer, og det gjer det her, sparar det nokre steg i analyseprosessen og dermed tid og kostnadar.

Schüller har brukt utstyr med 96 brønnar, som gjer det mogleg å behandla mange prøvar samstundes. Og dermed redusera kostnaden per prøve ytterlegare. Utstyret er ikkje kommersielt tilgjengeleg enno, men førebels har ikkje det så mykje å seia, forklarar ho:

– Enno er behovet så lite at ein som regel berre analyserer ein prøve om gongen. Det finst ein prototyp på marknaden som kan handtera ti prøvar om gongen. Han er utvikla for EME, men sidan LPME i praksis er EME utan straum, kan han fint brukast til LPME òg.

Den vitskaplege artikkelen

Schüller m.fl.: High-throughput quantification of emerging ‘’nitazene’’ benzimidazole opioid analogs by microextraction and UHPLC-MS/MS. Journal of Analytical Toxicology, Sep 2023

Emneord: Farmasi