Veiledaren til biologistudenten ved Universitetet i Oslo kjende til at han set pris på feltarbeid. Då han fekk snusen i ei opning for å delta på eit to månadars tokt med eit forskingsskip, tipsa han Furnes.
– Det kom via det amerikanske National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA). Veiledaren min fann ut at eg kunne hjelpa dei med biologisk prøvetaking, fortel Furnes.
– Samstundes kunne eg gjera eit inkubasjonsprosjekt for MarMib-prosjektet, der eg utfører masterarbeidet mitt. Men for meg var kanskje sjølve erfaringa det viktigaste.
Møtte ingen piratar
At dette kom til å verta ei erfaring som skilde seg frå prøvetaking i Oslofjorden, vart tydeleg alt på formøtet dei hadde ei stund før toktet.
– Det er ein del piratverksemd i farvatna vi skulle segla i, så vi fekk beskjed om at berre eitt par av dørene ut til dekk kom til å vera ulåste. Rundt heile båten var det surra piggtråd for å skremma bort ubodne gjester. Dette varde heilt til vi kom oss vekk frå dei farlegaste havområda, seier Furnes.
– Ein av deltakarane på formøtet enda med å droppa ut fordi institusjonen deira ikkje tillét dei å reisa når dei oppdaga kva risiko som kunne vera forbunde med turen.
Heldigvis møtte dei ingen piratar, så Furnes og dei andre ekspedisjonsdeltakarane kunne gjera det dei var der for.
Bakteriar på mikroplast
– Eg trudde at eg skulle hjelpa til med å ta biologiske prøver, men oppdaga at eg var den einaste biologen om bord. Så det vart mitt ansvar åleine.
Han utførde ei rekkje ulike filtreringar av biologisk materiale i vatnet, DNA, RNA, POP, POC, POCN og HPLC. Prøvane vart frosne ned og sende til NOAA for vidare analysar.
– I tillegg hadde eg altså dette inkubasjonsprosjektet, der eg i ei mengde glas dyrka bakteriar på tre ulike typar mikroplast i havvatn, i tillegg til kontrollglas der bakteriane vart dyrka på ein vanleg stein, forklarar Furnes.
– Bakteriar som veks på mikroplast skil seg litt frå dei som veks på naturlege overflater i havet. Det kan sjå ut som dei er meir resistente mot antibiotika samstundes som dei er meir sjukdomsframkallande.
Isfjell og kvalar
Som om ikkje mikroplast er kjip nok på eiga hand. Mikroplastprøvane til Furnes vart i alle fall sende til North West University i Sør-Afrika for vidare analyse.
Men dagane til havs baud på anna enn berre prøvetaking. Dei rundt 50 folka om bord – halvt om halvt med forskarar og mannskap – hadde tilgang på kinosal, treningsrom og kafeteria. Det einaste Furnes hadde noko å utsetja på, var romma, som var litt små.
– På dekk fann vi fleire gonger uheldige flygefisk som hadde hoppa, stanga i veggen og omkome, fortel Furnes.
– Heilt sør på turen såg vi både isfjell og blåst frå kvalar langt borte. Ein av dei siste dagane stod vi alle på toppen av skipet og såg skummet frå ein heil flokk.
Ynskte å inspisera skipet
Toktet starta frå Kapp Verde utanfor Vest-Afrika, og hovuddelen gjekk opp og ned frå Guineabukta i nord og sørover langt til havs utanfor Sørvest-Afrika til dei nærma seg Antarktis. Til slutt gjekk dei i land i Cape Town.
– Vi hadde nokre nervøse augneblinkar då vi kom til farvatna utanfor Ghana. Styresmaktene hadde ikkje registrert at vi skulle koma, så dei sende ut eit svært militærskip som sirkla rundt oss, seier Furnes.
– Dei ynskte at vi skulle leggja til kai så dei kunne inspisera skipet. Men til slutt fekk vi heldigvis lov til berre å dra ut av sona deira.