Slik deler dei forskingsresultata sine så fort som råd

Stadig fleire deler resultata sine før dei vert publisert i vitskaplege tidsskrift. Ein konsekvens er at debatten blant forskarane går fortare.

Av Åsmund Husabø Eikenes
Publisert 27. okt. 2017

– Vi har eit ansvar som forskarar for å dele kunnskapen om verda, og skattebetalarane skal også ha tilgang til resultata, seier senioringeniør Lex Nederbragt ved Institutt for biovitskap.

Han er ein av stadig fleire forskarar som kjempar for at forskingsresultat skal vere opne for alle og at det skal skje så raskt som mogleg. I tillegg til å publisere i open access-tidsskrift, finst det også andre initiativ. Det vert stadig meir populært å legge ut forskingsresultata som ein såkalla preprint.

Open Access og Preprint

Open Access (Åpen tilgang) betyr at forskingsresultat skal vere tilgjengelege for enkeltmenneske, offentleg sektor, næringsliv og det globale samfunnet.

Les meir om UiOs politikk på dette området.

Preprint er ein versjon av ein forskingsartikkel som ikkje har gjennomgått omfattande fagfellevurdering eller er publisert i vitskapelege tidsskrift, men som blir gjort fritt tilgjengeleg for publikum og andre forskarar.

Den internasjonale Open Access-veka 2017 er frå 23. til 29. oktober.

– Ein preprint er ein versjon av ein forskingsartikkel som ikkje er blitt fagfellevurdert endå, forklarar Nederbragt, som sjølv har nytta databasen bioRxiv (uttala bio-archive) for fleire av forskingsresultata sine.

Gratis og høg kvalitet

Ein preprint på bioRxiv eller andre databasar har ikkje gjennomgått fagfellevurdering, ein omfattande kvalitetskontroll som skal sikre nivået på det som vert publisert i vitskaplege tidsskrift. Det stoppar likevel ikkje entusiastane.

– Eg brukar preprint fordi fagfellevurderinga tar så lang tid. Eg ønskjer å dele resultata mine med andre forskarar så fort eg kan, seier Nederbragt.

Han fortel at mange forskarar, inkludert han sjølv, lastar opp ein preprint samtidig som dei sender resultata sine til eit vitskapleg tidsskrift. I fagfellevurderinga vert det oppdaga hol, svakheiter og behov for fleire kontrolleksperiment til forskingsartikkelen. Etter kvart som artikkelen forbetrar seg, kan forskarane også oppdatere preprinten.

Resultatet er at forskingsresultata på utsida av betalingsmuren (preprinten) vert identiske med den fagfellevurderte forskingsartikkelen som lesarane må betale for (i tidsskriftet). Preprinten er gratis, og dei oppdaterte versjonane kan halde same standard som den fagfellevurderte artikkelen.

– Endrar feltet vårt

Ole Andreas Økstad
Ole Andreas Økstad.

Ideen om preprint er ikkje ny, og fysikarar har publisert funna sine på databasen arXiv sidan 1991. Ein egen database for livsvitskap (bioRxiv) vart starta i 2013. Stadig nye fagfelt får eigne databasar for preprint, slik som til dømes psykologi (psyRxiv) og kjemi (chemRxiv). Det er stort sett ikkje-kommersielle, ideelle organisasjonar som støttar og driv databasane.

– Eg merkar ein aukande grad av entusiasme for preprint, seier Nederbragt.

Han får støtte frå professor Ole Andreas Økstad ved Fysisk institutt, som fortel at han er i startfasen med å nytte preprint. For eit år sidan la han ut sin første preprint om arvematerialet til bakteriar som lagar biofilm.

– Eg ønska å teste ut prinsippet, få auka synlegheit og også for å gjere forskinga tilgjengeleg for alle, seier Økstad.

Hjerneforskar Koen Vervaeke, førsteamanuensis ved Institutt for medisinske basalfag, understrekar at endringa er svært verdifull for fagmiljøet innan nevrovitskap.

Koen Vervaeke
Koen Vervaeke.

– Databasane for preprint endrar feltet vårt. Vi har hatt utruleg stor nytte av å sjå forskingsresultat som ikkje ville ha blitt publisert før om fleire år, slår han fast.

Preprint gir hype

Nederbragt fortel at auka engasjement rundt ein preprint også kan gi positive konsekvensar for forskingsartikkelen dersom den seinare vert trykt i vitskaplege tidsskrift.

– Eg har høyrd eit ubekrefta rykte om at ein preprint som får mykje merksemd i sosiale medium lettare vil kunne bli vurdert av eit tidsskrift, seier han.

Vidare skriv journalist Jocelyn Kaiser i ein artikkel i Science at mange redaktørar leitar etter spennande forsking på preprint-databasar. Redaktørane kan også ta direkte kontakt med forskarar for å invitere til innsending av arbeidet til det bestemte tidsskriftet.

– Ein preprint gir også rom for ei fagfellevurdering før publikasjon, der kollegaer gir ei første tilbakemelding på arbeidet, kommenterer Nederbragt.

Vil du ha fleire forskingsnyheiter i realfag og teknologi? Følg oss på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt.

Gir rask debatt

På databasen bioRxiv kan forskarane klassifisere funna sine som «nye funn», «bekreftande funn» og «motstridande funn». Nederbragt trekk fram at denne kategoriseringa bidrar til at den vitskaplege diskusjonen går fortare.

– Denne modellen gir moglegheit for kjappe responsar som avkreftar publiserte data, seier han.

Eit nyleg eksempel er genetikar Craig Venter sine konklusjonar om at DNA-sekvensar kunne føreseie ansiktsform, resultat som allereie etter 24 timar fekk skarp kritikk i ein preprint. Liknande kritikk gjennom tidsskrifta sine kanalar kunne ha tatt fleire månader.

På same måte viste ein preprint at forskinga som viste at bjørnedyr (Tardigrades) hadde tatt opp store mengder DNA frå andre organismar, ikkje var sann, men baserte seg på kontaminerte analyseinstrument. Diskusjonen på Twitter fekk etter kvart tilnamnet Tardigate.

Reservasjonar

Tidlegare har vitskaplege tidsskrift diskvalifisert forskingsartiklar som allereie er publisert som preprint, men dette har endra seg dei siste åra. No er det berre ein liten handfull tidsskrift, deriblant New England Journal of Medicine, som ikkje opnar for å vurdere artiklar publisert som preprint. Fleire av tidsskrifta legg no til rette for automatisert overføring frå preprint-databasane.

Andre reservasjonar mot preprint er faren for at andre skal stele ideane, samt redsel for å dele forskingsresultat som ikkje er fagfellevurderte. Journalistar som oppdagar oppsiktsvekkande konklusjonar basert på ein preprint, kan også skape feilaktige overskifter om viktig forsking.

– Nokre forskarar vel å halde store og oppsiktsvekkande resultat hemmelege, slik som ved banebrytane resultat med nye medisinar eller gjennombrot i forsking på universet, seier Nederbragt.

Dele resultat med kvarandre

– Nokre er redde for å dele ikkje-fagfellevurdert arbeid. Dei har rett i at preprint manglar det filteret, men fagfellevurdering er ikkje sikkert det heller. De fleste forskarane leverer seriøs forsking til preprint-databasane, seier Nederbragt.

Han understrekar at han synest det er uheldig at fokuset ligg på karrièrejaget og namnet på tidsskriftet som publiserer resultata, ikkje på prosessen med å dele viktige resultat med kvarandre og resten av verden.

– Er preprint noko å satse på for unge forskarar?

– Ja, preprint gjer at du kan vere fort ute med å dele forskinga di og bygge nettverk. Du kan bruke det når du skal søke ny jobb og vise til artiklar som preprint. Tida er veldig moden for ein open science-rørsle på UiO.

– Gjer fagfeltet meir spennande

Anders Kvellestad
Anders Kvellestad.

– Eg er ein stor tilhengar av preprint, seier Anders Kvellestad, som forskar på teoretisk partikkelfysikk ved Fysisk institutt.

Sidan 1991 har fysikarane delt resultata sine gratis på arXiv.org. Det har fått store konsekvensar for korleis dagens fysikarar ser på publisering.

Kvellestad fortel at prepint-databasen kalla «arkivet» er svært sentral i fagfeltet hans. Han nyttar nettstaden fleire gongar i veka for å halde seg oppdatert på forskingsfronten.

– Eg les som oftast preprint-versjonen av dei publiserte artiklane. Skilnaden mellom versjonen på arkivet og versjonen i tidsskriftet er nesten berre design, seier han.

Når alle fysikarane legg ut gratis preprint, får alle tilgang til den same, oppdaterte kunnskapen. Kvellestad trur at bruk av preprint aukar tempoet i forskinga ved at det kortar ned tida frå oppdaging til deling med andre forskarar.

– Det er ingen tvil om at det er nyttig for eige arbeid at eg får raskare tilgang til oppdaterte resultat. Det gjer fagfeltet meir spennande å jobbe i, og det er sunt for diskusjonen, seier han.

Men tempoet og statusen til ein preprint har også ei bakside.

– Når det skjer noko stort, så vert det eit usunt rush til arkivet. Alle vil vere først ute med å publisere ideen sin som ein preprint. Det er nokre eksempel der hundrevis av forskarar har kasta seg over data som nokså kort tid etter viste seg å vere uinteressante, fortel Kvellestad.

Oppdrar fysikkstudentane

Fysikaren er begeistra for BioRxiv og dei andre preprint-databasane for livsvitskapsforskarar, og trur at det kan bli ein suksess dersom mange nok tek dei i bruk.

– Det må bli ein standard, at «sjølvklart legg vi det ut på bioRxiv». I partikkelfysikk er det slik, og alle nye studentar blir oppdratt til det, seier Kvellestad.

Han poengterer at fagfelta er ulike, og at det kanskje kan vere utfordringar for ein forskar som utviklar nye legemiddel og som vil søke patent på oppdagingane sine. Preprint bidreg likevel til å dytte forskinga i retning av meir openheit.

– Modellen med preprint skaper ei forventing for oss forskarar om at vi skal ha tilgang til alle resultata innan våre fagfelt.