Labyrintar i nasen held arktiske selar varme

Selen har eit eige organ i nasen som regulerer temperatur og luftfukt når han pustar. Fysikarar har stadfesta det biologane har meint.

Av Torstein Helleve
Publisert 19. jan. 2024
Nærbilete av nasen til ein gråsel

Inne i nasen har selen eit organ son hjelper han å spara varme og vatn. Foto: bodsa/Pixabay

Gråselen lever i arktiske strøk. Som andre selar har han eit ekstra organ i nasen som heiter maxilloturbinat, som er gjennomhola av eit utal små kanalar.

– Når selen pustar, passerer lufta gjennom dette organet. Dei mange kanalane gjer at den indre overflata, og dermed kontaktflata mellom lufta og organet, vert svært stort, fortel professor Eirik Grude Flekkøy ved Fysisk institutt på Universitetet i Oslo. Han er òg ein av leiarane ved PoreLab, eit senter for framifrå forsking.

– Dermed vert den kalde lufta varma opp. Lufta vert òg tilført fukt på veg til lungene. Organet fungerer som ein varmeutvekslar for selen.

Fysikarar ynskjer å vita mekanismane

På tilbakevegen vert lufta nedkjølt att og fukta trekt ut. Dermed sparar selen varme og vatn i dei ekstreme polartilhøva han lever under.

– Dette har ein annan funksjon òg. Når utandingslufta er nedkjølt, dannar ho ikkje frostrøyk som kan avsløra kvar selen er. Eg har høyrt at jegerar nokre gonger puttar snø i munnen for å oppnå det same, seier Flekkøy.

For biologar er det ikkje noko nytt at nasen til selen fungerer på denne måten. Men som Flekkøy seier, medan biologane er opptekne av kva som er organet sin funksjon, ynskjer fysikarane å vita kva mekanismane er.

– Derfor modellerte vi organet her ved Fysisk institutt. Vi berekna kva endringar i temperatur og luftfukt som burde skje, forklarar Flekkøy.

Undersøkte ungar i mors mage

To tverrsnitt av maxilloturbinat
Av desse tverrsnitta ser vi tydeleg at maxilloturbinat hjå middelhavsmunkeselen (t.v.) er betrakteleg mindre intrikat enn hjå gråselen (t.h.). Frå den vitskaplege artikkelen

– Berekningane våre stemte overeins med biologane sine observasjonar, så kartet stemte med terrenget. Det forklarar òg kvifor maxilloturbinat er betydeleg meir intrikat og fininndelt enn tilsvarande organ hjå middelhavsmunkeselen, som vi samanlikna med. Som namnet tilseier lever sistnemnde under langt meir gjestmilde tilhøve.

Men dei nøgde seg ikkje med det. Dei var òg interesserte i å finna ut korleis labyrinten av kanalar vert til. Er selen fødd med ein planteikning for organet? Eller utviklar det seg etter kvart?

– Du kan samanlikna med eit tre. Alle tre av ein art har greiner, men korleis greinene veks varierer frå individ til individ, seier Flekkøy.

– Vi undersøkte selar frå ungar i moras mage til vaksne dyr. Vi fann at maxilloturbinat òg veks utan ein planteikning i botn. Det utviklar seg etter kvart som selen veks.

Ein gummistrikk omkransa av ein sirkel

Eirik Grude Flekkøy
– Berekningane våre stemte overeins med biologane sine observasjonar, fortel Eirik Grude Flekkøy. Foto: Hilde Lynnebakken/UiO

Flekkøy forklarar at ein finn tilsvarande utvikling i uorganisk materiale òg, når vatn og partiklar vert drive gjennom avgrensa rom. For å forklara korleis kanalane kan danna seg, tyr Flekkøy til eit bilete:

– Tenk deg at du har ein gummistrikk som ligg på eit bord omkransa av ein sirkel av papir. Dersom gummistrikken på mystisk vis skulle utvida seg, ville den måtta sno og vri seg for å fylla rommet innanfor sirkelen så godt som råd.

– På same måten vrir og vender kanalane på seg for å fylla det tilgjengelege rommet, etter kvart som selen veks.

Forskinga har fått merksemd i mellom anna Science og Popular Science, og nedanfor kan du lesa meir om forskinga sjølv.

Dei vitskaplege artiklane

Flekkøy m.fl.: Thermal modeling of the respiratory turbinates in arctic and subtropical seals. Journal of Thermal Biology, Feb 2023

Cheon, Flekkøy m.fl.: Structure-function relationships in the nasal cavity of Arctic and subtropical seals. Biophysical Journal, Dec 2023

Emneord: Fysikk, Biovitenskap